Informasjon

14.03 Corona

Amfisalen kl. 17.00
Intimkonsert

Corona, nett.jpg  
Corona
Damekoret Corona vart stifta i 2005. Medlemstalet har auka jamt frå 9 til om lag 20 songglade damer i dag.

Koret har hatt Synnøve Tollaas som dirigent sidan 2006, og dette sam-arbeidet har vore til inspirasjon og ført til ei god utvikling for koret.

Repertoaret er variert, og femner om moderne musikk, renessansemusikk, folkemusikk, madrigalar, populærmusikk og julemusikk.

Corona arrangerer korkafear, syng på opning av kunstutstillingar og deltar på songarstemne og kyrkjekonsertar.


Dei har og delteke i 2 konkurransar, Syng for oss i Grieghallen 2008, og Landskonkurransen i Trondheim 2009. Koret sine aktivitetar i år vil i hovudsak dreia seg om feiring av 5-års jubileum. Corona ønskjer å dela denne markeringa med fleire, og arrangerer til saman tre jubileumskonsertar i løpet av våren.

Billettar kr. 150,- i salg på www.bomlo.net



Til framsida Til framsida