Informasjon

22.05 - 27.06 Utstilling

Årets Mostraspelutstillar er Cathrine Knudsen frå Bærum.

catrine knudsen nett2.jpg  
Catrine Knudsen
Cathrine Knudsen er ein autodidakt kunstnar som starta ut frå eit konkret behov for å uttrykkja seg kreativt. Interessa har ho arva frå far og farfar, som og uttrykte seg gjennom kunst.

Inspirasjon finn ho i daglegdagse og personlege opplevingar, andre utstillingar og bøker. Den største inspirasjonskjelda er venen og kunstnaren Sverre Schyberg Olsen som og gir henne gode råd.

Cathrine er oppteken av tekstur, og har funne fram til teknikkar der ho nyttar oljemaling, sparkel, matte lakkar og røff bruk av verktøy. Ho ynskjer å gi folk lyst til å ta på bileta!

Cathrine Knudsen har hatt utsmykkings oppdrag, kollektivutstillingar og ei rekkje separat utstillingar.


Utstillinga opnar: Laurdag 22. mai kl. 12.00
Opnar: Simon Nesse Økland
Musikkinnslag: Arne Kvarven og Edvard Zahl Pettersen

Opningstider:
- Måndag-fredag kl. 10-15
- Søndag: kl. 13-17
Fri entrè



Til framsida Til framsida