Informasjon

20.06 Sommarstemne

Utescenen kl. 11.30
Stort sommarstemne.

Mannabilde,nett.JPG  
Mannsgruppa Manna står for dei musikalske innslaga. Manna held eit svært høgt musikalsk nivå og har gitt ut fleire cd-ar. Gruppa høyrer heime i Bergen Indremisjon, men består av songarar frå ulike kantar av landet. Manna har sunge seg inn i mange hjarte med den vare måten å formidla bodskapen om Jesus Kristus på.

  Gunnar Ferstad,nett.jpg





Talar er bysekretær Gunnar Ferstad, som har si daglege teneste i Bergen Indremisjon. Gunnar er kjend for si engasjerande forkynning og gode formidlingsevne som gjer at han treff menneske i alle aldrar. Han har gitt ut fleire bøker, mellom anna ei andaktsbok som mange ungdomar set stor pris på.

Det er viktig at også borna kjem på misjonsstemne. Dei vert med oss i starten på møtet, og så er det lagt opp til eigen sundagsskule i Amfisalen.

Amfikafeen er open, med sal av bl.a. vikingsodd, kaffi og vaflar. I tillegg blir det grilling og ulike familieaktivitetar på kyrkjestølen utover ettermiddagen.

Set av dagen og gled deg til eit strålande Misjonsstemne.
Arrangør: Indremisjonssamskipnaden

Til framsida Til framsida