 |
22.05 Intimkonsert
Amfisalen kl. 20.00
- Bjørnar Habbestad, fløyte
- Kristin Mulders, mezzosopran
- Knut Chr. Jansson, piano
 |
|
| Kristin Mulders |
Kristin Mulders, Bjørnar Habbestad og Knut Christian Jansson er tre unge frilansmusikarar som jobbar aktivt på ulike konsertarenaer i og utanfor Noreg.
Dei møttest i studietida i Bergen, men samarbeidde først i 2006, til stor begeistring frå publikum.
Med eit repertoar frå barokk til folketonar overbeviste ensemblet med sitt mangfaldige uttrykk og finstemte musikalitet. Ensemblet har hatt konsertar i Norge og Nederland, med musikk av Edvard Grieg, 100 års-jubilanten Geirr Tveitt og nokre av deira samtidige europeiske kollegaer.
I Moster Amfi presenterer dei eit program for fløyte, piano og song med komposisjonar av Chopin, Martinu, Saint-Säens, Ravel og andre. Turnéen er støtta av Fond for lyd og bilde.
Billettar kr. 150,- i salg på www.bomlo.net
|
 |