les meir om dette

 

 

 

 

Velkommen til Moster

Ifølge Snorre var Moster den første staden Olav Tryggvason steig i land då han i år 995 kom frå England for å krevja kongsarven sin og kristna landet.

Kongen & folket 2011, nett.jpg
Mostraspelet fortel historia levande og flott.

Hit var det kong Olav Haraldson og bisp Grimkjell kom i år 1024 og fekk Kristenretten vedteken på Mostratinget.

Bli med oss på ei historisk vandring i Moster gamle kyrkje og Moster Amfi med utstillinga "Frå heidendom til kristendom" og bergverksutstillinga "Steinriket Bømlo".

I Moster Amfi kan du og oppleva det historiske spelet "Kristkongane på Moster", betre kjent som "Mostraspelet", musikalar, konsertar og andre spanande arrangement.

Me tilrettelegg og kurs, konferansar og selskapsarrangement i historiske omgivelsar.

Me ser fram til å ynskja deg velkommen!

arrangement