 |
Forelska konge
Harald Hårfagre, kongen som let håret veksa til han hadde samla Norge til eit rike, besøkte Moster då han var nær 70 år gamal.
Her traff han den fagre møya Tora Mostrastong av Horda Kåre ætta. Tora betyr "den kjempesterke" , og tilnavnet Mostrastong skal ho ha fått fordi ho var så høg og slank av vekst.
 |
|
| Frå "Tora Mostrastong og Kongen". Foto: Kristine Sele |
Kongen vart heilt forgapt i den fagre møya og klarte ikkje å få henne ut av tankane. Tora vart og forelska i den mandige kongen og vart frilla hans. Ho vart aldri dronning og hos kongen kalla dei henne tenestekvinne.
Tora venta kongen sitt barn og då ho skulle føda, ville ho reisa til kongsgarden på Seim. Ho reiste nordover med skipet til Sigurd Jarl. Jarlen var kongens gode ven, så det var truleg slik han hadde fått i oppdrag av kongen å vera vern, ven og verge for "henne som gjekk med kongens barn under sitt hjerte". Ut frå dette kan me forstå at Tora ikkje var ei vanleg tenestekvinne.
Om natta låg skipet til lands ved Hella. Der fødde Tora ein gut som fekk namnet Håkon. Han vart seinare konge og fekk tilnamnet den Gode.
”Tora Mostrastong og Kongen” er eit av 5 historiske spel som Johannes Heggland har skrive om Håkon den Gode. Spelet hadde urpremiere i Moster Amfi i august 2001.
|
 |