 |
|
 |
 |
 |
 |
Amfiet
Moster Amfi vart opna som teater- og konsertarena til urpremieren på Mostraspelet
i 1984.
 |
|
| Barnekor i aksjon på Mostraspel-gudstenesta |
Lenge var det etterlyst naudsynt opprustning av anlegget, og Bømlo kommune vedtok å foreta ei slik utbygging til 1000-års jubileet i 1995. Frå stiftinga kom det og forslag om å gjera plass til ei utstilling i tilknyting til kristningsjubileet.
Moster Amfi framsto til feiringa av 1000-årsjubileet som eit funksjonelt kulturbygg, med nytt inngangsparti, ny billettkiosk, ein utandørsarena med plass til 1200 mennesker. Scenen vart og utbetra og det vart laga ein tunnel i fjellet frå friluftsscena og opp til det Religionshistoriske senteret, med utstillinga frå "Heidendom til kristendom", amfisalen og amfikafeen.
Anlegget er bygd inn i fjellet i bakkant av uteamfiet. Det har ei spanande arkitektonisk løysing tilpassa terrenget og er ikkje for ruvande i forhold til Moster gamle kyrkje.
Arkitekt: Svein Halleraker
|
 |
 |
|
 |