 |
Vakker ramme rundt kulturminne
Den vakre Mostraparken omkransar Moster gamle Kyrkje og Moster Amfi.
 |
|
| Vakker ramme rundt den gamle kyrkja |
Då Olav Tryggvason i 995 steig iland på Moster, møtte han nok eit heilt anna landskap enn det som møter oss idag.
Me kan tenkja oss at han møtte eit ope landskap med tingvollen og gudehovet der kyrkja står no.
I dag er det eit frodig landskap med mange lauvtre og vakre blomar som møter oss.
Omlag 500 rhododendron av ulike artar er planta rundt om i parken og utgjer eit fargesprakande skue når dei blømer på vårparten. Plantene var ei gåve til 1000-års jubileet.
Turen opp til krossen på Vetahaugen tar berre nokre få minutt. Frå Vetahaugen kan du skoda ut over hav og landskap, Kyrkja, Minnestøttene, statua av Tora Mostrastong, Kongesteinen og Moster Amfi, alle minnesmerker knytta til historia om dei tre vikingkongane.
|
 |