 |
Moster, eit sentrum i tusen år…
I vikingtida var Bømlo eit sentrum i landet si historie, og Moster spela ei hovudrolle.
På denne tida var sjøferdsla særs viktig. Vestlandet var sentrum i landet vårt, og midt i dette området låg Moster.
 |
|
| Foto: Magne Raknes/Oktan Sydvest |
Det er difor ikkje til å undrast over at Moster er så pass sentral i det norske historiebiletet på
1000 talet, då kristninga av landet kom i fokus.
På Moster vert historia gjort levande. Tre av dei store vikingkongane i norsk historie er knytte til den tidlegaste misjonshistoria; Håkon den Gode, OlavTryggvason og Olav Haraldson.
Alle er dei, kvar på sin måte, knytte til Moster.
Minnesmerka er mange; den gamle kyrkja frå 1100-talet, som seiest å vera den eldste kyrkja i Norge, steinkrossen på Vetahaugen, kongesteinen og minnestøtter.
I mellomalderen vart det tatt ut og brent kalk mange stadar i Sunnhordland. På Moster var det fleire kalkbrot, dette var ei viktig attåtnæring heilt fram til vår tid. Eit av desse kalkbrota er i dag Moster Amfi.
|
 |